FUNKSJON: Skule/vitensenter
ÅR: 2019-2021
STAD: Kaupanger
PROSJEKTTYPE: Nybygg
AREAL: 3800 m²
BESKRIVING:
Vite Meir og Kaupanger SVG blir ein kunnskapsboks som rommar formidlingslokale i form av Vitensenter og ein del av Sogndal Vidaregåande Skule. Bygget opnar seg mot sør og vest -mot lyset og det storslagne fjordlandskapet med fjelldronninga Bleia som fondmotiv. Den vertikale grøne parken og gjennomgåande bruk av tre i konstruksjon og overflater spring ut av furuskogen på Kaupanger og eit levande jordbruk i området. Fasadane og den vertikale parken er inspirert av svalgangsløysingar som dannar overgangen mellom utstillingsareal inne og ute. Slik er historien med på å bringe oss inn i den nye tida. Arkitekturen inviterer til rørsle og til læring og nyskaping gjennom medverknad – samtidig vert det skapa ei grøn lunge i næringsområdet og ViteMeir blir ein forlenga arm frå verdsarvlandskapet som alt er etablert som del av det grøne skiftet. ViteMeir skal «spegle naturen, ressursgrunnlaget og dei teknologiske moglegheiter og utfordringar som ligg i vårt samspel med naturen.
ÅR: 2023
STAD: Kaupanger
PROSJEKTTYPE: Nybygg
AREAL: 175 m2
SKILDRING: Takoverbygget Ly, som vi har teikna for Kaupanger Idrettslag, og utvikla i samspel med Are Tre. Vi håper dette kan bli eit samlingspunkt for små og store, eit hjarte i bygda. Ly er sett saman av ulike komponenter som tak, levegg, utemøbler og kjøkkenbenk med grill.
FUNKSJON: Undervisningsbygg på Høgskulen
ÅR: 2016-2019
STAD: Sogndal
PROSJEKTTYPE: Rehabilitering
AREAL: 3800 m²
BESKRIVING:
Prosjektet omfattar ombygging av Gymnasbygget for HVL. Prosjektet består av kontorarbeidsplassar, møterom/støtterom, studentareal, undervisningsrom, spesialrom, auditorier og pauserom for tilsette med minikjøkken. Oppdraget omfattar nye vindauge i heile bygget, nye himlingar og golvbelegg, legging av nytt golv på grunn, nytt ventilasjonsanlegg, nytt elanlegg, nye tekniske føringar. Store delar av innerveggane er rive og sett opp igjen. Alle takkupplar (32 stk) er erstatta av nye. Bygget skal gi plass til 350 heiltidsstudentar, 55 lærarar og 12 tilsette ved administrasjon.
FUNKSJON: Dagsturhytte
ÅR: 2016
STAD: Dagsturhytte for kvar kommune i Sogn og Fjordane
PROSJEKTTYPE: Konkurranse nybygg
AREAL: 25 m²
BESKRIVING:
Dagsturhytta skal ha ei enkel form som gir assosiasjonar til gamle sel som ein finn mange av i Sogn og Fjordane. Den eine gavlen har eit stort vindauge. Den eine langsida er heilt lukka utan glas. Kledning er vedlikehaldsfri malmfuru eller tilsvarande som vil få ein gråfarge. På dei to motsette sidene vil det bli ein synleg konstruksjon, eit ribbeverk som ein kan nytte til å klatre på, eller gjera enkle styrkeøvingar. Vi ønskjer at hytta skal inspirere til aktivitet ut over det at den er ein plass å gå til. Ribbeverket har platekleding på innside. Dette kan vera tette felt eller transparente felt som slepp lyset igjennom. På sidene med ribbeverket er veggen dratt inn slik at den dannar ein benk under tak. Ribbeverket går igjen inne og dannar ein hems som ein kan klatre opp til. Ribbene vert og oppheng for plansjar og hylle for bøker.
FUNKSJON: Bustader i tun
ÅR: 2018
STAD: Førde
PROSJEKTTYPE: Arkitektkonkurranse, nybygg
AREAL: 4500 m2
BESKRIVING:
Prosjektet består av ulike bustadtypar plassert som fleire tun i skrånande terreng rundt ein kolle. Tunstrukturen gir skjerma uteplassar og alle inngangar ligg inne på tunet, dette gir ei naboskapskjensle og tilknytning til eige tun. I Vieåsen har ein eit vidt spekter av møteplassar, ein har den private terrassen, halvprivate soner for uformelle samtalar og felles uterom. Det er uteplassar på begge sider av bygningane. Bueiningane er forskjøve i forhold til kvarandre, slik at bustadene får private inngangssonar og ein menneskeleg skala. Fasadene blir også meir levande med mindre dimensjonar. Parkering er plassert i utkant av området, med høve til å køyre til eigen bustad ved behov. Slik får ein bilfrie tun der det blir danna fleire hyggelege møteplassar for store og små bebuarar.
FUNKSJON: Omsorgsbustad
ÅR: 2017-2020
STAD: Leikanger
PROSJEKTTYPE: Konkurranse om nybygg og ombygging
AREAL: 950 m²
BESKRIVING:
4B vann ein konkurranse om utviding av Leikanger sjukeheim på to ulike tomter. Tomt A består av eit nybygg for 4 omsorgsbustader bygd over eksisterande parkeringsareal. Omsorgsbustadane har eigen inngang og felles opphaldsareal med uteplass. Alle omsorgsbustadane har eigen altan.
Tomt B har 8 bustader for demente i eit fellesskap. Nybygget er todelt og dannar ein T. Ein del av det nye bygget skjærer seg på tvers gjennom taket på sjukeheimen og dannar ein ny etasje delvis over denne. Vidare strekkjer det nye bygget seg bakover, inn i terrenget. Den andre delen av nybygget ligg langs høgdekotene mot Ohnstadhaugen. Adkomst til ny avdeling går via heis og trapperom i eksisterande sjukeheim i tillegg er det ein eigen adkomst frå terrenget. Tomtearealet er knapt og det er lite areal igjen til hage når alle dei ønska funksjonane er på plass. Det er difor laga eit atrium i opphaldssona midt i bygget, der klatreplanter og ein grønn plantevegg etterkvart skal veksa. Det ligg også eit springvatn i forbindelse med eit mindre opphaldsom og inngang.
FUNKSJON: Barnehage
ÅR: 2018
STAD: Hafslo
PROSJEKTTYPE: Skisseprosjekt
AREAL: 1800 m2
BESKRIVING:
I oppdrag frå Luster kommune har me sett på moglegheiten for å bruke Hafslo VGS som barnehage ved ombygging. I forslaget har me utforska ulike måter å organisere og bygge om for å få til 4 barnehageavdelingar.; to avdelingar for små born og to avdelingar for større born. Fleksibilitet, arealeffektivitet, bruk av eksisterande strukturar, god samanheng mellom ute- og inneareal, og god situasjon for henting og bringing har vore viktige punkt for utvikling av prosjektet. Avdelingane er organisert slik at dei har inngong frå det store utearealet som ligg mot Hafslovatnet. Administrasjonsdelen er plassert i andre etasje i samband med eit felles bruksareal. I tillegg har me sett på moglegheiter for bruk av resten av bygget, eventuelt riving av delar av det.
FUNKSJON: Barnehage
ÅR: 2017
STAD: Ylvisåker
PROSJEKTTYPE: Tilbygg
AREAL: 200 m2
BESKRIVING:
Arkitektkontoret 4B har teikna tilbygg til Ylvisåker barnehage då dei trong ei ny avdeling. Avdelinga har eit stort rom til leik og opphald som opnar seg ut mot leikearealet ute. Ein avrunda yttervegg saman med dei fargerike vindauga i ulik høgd og utforming gjer uttrykket spanande og leikent. Tilbygget er knytt saman med eksisterande bygg for å få god flyt og samarbeid. Den nye barnehageavdeling har eigen inngong, garderobar, kjøken, kontor og administrasjonsareal i tillegg til det store opphaldsrommet.
FUNKSJON: Studentbustad
ÅR: 2015-2016
STAD: Sogndal
PROSJEKTTYPE: Nybygg
AREAL: 5500 m2
BESKRIVING:
3 blokkker à 5 etasjar med totalt 150 bueiningar. Det er både bufellesskap, familieeiningar og hyblar. To etasjar med parkering under blokkene.
Dei fleste leilegheitane har 6 hyblar som deler kjøkken/ stove og to bad. Det er lagt vekt på lyse og trivelege fellesrom. Nokre leilegheitar er særskilt tilrettelagde for rørslehemma og personar med psykiske lidingar.
FUNKSJON: Studentbustad
ÅR: 2011
STAD: Sogndal
PROSJEKTTYPE: Nybygg
AREAL: 1262 m2
BESKRIVING:
Sogn og Fjordane fylkeskommune utvidar eksisterande Sogndal Vidaregåande skule.