FUNKSJON: Bustadkompleks
ÅR: 2018-
STAD: Sogndal
PROSJEKTTYPE: Nybygg
AREAL: 12 800 m²
BESKRIVING:
Lerum brygge er planlagt oppført med 3 bygningar; A, B og C, der A ligg nærast elva og bygg C nærast dampskipskaia. Det er eit samanhengande parkeringsdekke under Bygg A, B og C. Bygg A er i 7 etasjer, Bygg B i 6 etasjer og Bygg C i 5 etasjer i tillegg til garasjen. Bygg B og C er redusert monaleg i høgde i forhold til detaljplan frå 07.09.2018 for å få ei betre tilpassing til landskap og eksisterande bebyggelse. Bygg A er vridd noko i forhold til dei andre bygga for å sleppe morgonsol opp til Flugheim/Lomheim og kveldssol ned på fjordsti. Dette gir og betre kontakt mellom elvesida og fjordsida. Det er 8,0-9,4 m avstand mellom blokkene og såleis gode siktlinjer. Kvart bygg er trappa ned frå fjorden og til trehusbebyggelsen. Bygningane sitt hovedvolum har skråtak for å understreke landskapsforma. Alle leiligheitene har balkong eller uteplass på tak eller over parkeringsdekke. Balkongane vil stikke inntil 1,0 m ut frå fasadelivet.
Bygningane sin hovedkledning er av tre med innslag av pussa plater. Fasadene vil få ei underdeling som understreker oppdelingen i mindre bygningsvolum. Bygningane vil få noko ulik utforming, material- og fargebruk.
Tilkomst til området er via tilkomstveg på nordvestsida av blokk C. Tilkomstvegen leier til parkeringskjellaren der all parkering ligg. Varelevering til forretningslokala skal gå via tilkomstveg og parkeringskjellar. Returpunkt for renovasjon er nordvest for blokk C. Alle containerar ligg nedgravd. Nødvendig tilkomst for brannbil.
Det blir etablert eit stort samanhengande og bilfritt fellesareale/almenning over parkeringsdekket. Fellesarealet vil bli utforma som eit samanhengande landskap med fjordsti, friområde ved elva og gotene ned frå Fjøra. Dei ulike nivåa er bygd saman med ramper, trapper og grøntstrukturar. Blokk B er trekt attende frå fjorden og her blir det eit større fellesareale mot fjorden. Alle fellesareala er tilgjengelege for publikum. Her vil det vere plass for leik, opphald, grilling, rollespel, små konsertar, bading, sykling og andre aktivitetar.