Arkitektkontoret 4B 40 år!

Me fekk besøk av blant anna tidlegare praktikantar og sjølvaste ordføraren på den store dagen!

Nokre vil kanskje tenkje at det er ikkje noko rundt tal å feira. Likevel, det er mange grunnar til at vi ønska å feire nettopp denne dagen.

I 1984 var det 5654 innbyggarar i Sogndal. I dag – 40 år seinare – er 12 331 innbyggarar. Dersom ein trekk vekk for Leikanger og Balestrand – er det i dag rundt rekna 9 000 innbyggarar i gamle Sogndal kommune. Det er ikkje veldig langt unna ei dobling. Det må ein vel kunne seie er eit veldig godt utgangspunkt for å kunne drive eit arkitektkontor. Og det har det vore. I løpet av dei neste 20 åra vert vi 1000 fleire, så vi ser lyst på framtida. Vi meiner at Sogn er eit veldig spennande område for å teikne spennande arkitektur; flotte fjordar og fjell, vakre kulturlandskap og fine, små tettstader. Sjølv om vi ikkje har mange monumentale bygg, så har vi ei rik bygningshistorie til inspirasjon. Det kviler eit stort ansvar på oss. Ikkje berre skal vi forvalte dei naturgjevne ressursane, vi skal og skape gode fysiske rammer om livet til folka som bur her. Det er ikkje lite. Men det kjennest meiningsfullt. Og sjølv om det ikkje reint sjeldan vert opplevd som veldig krevjande, er det mykje å gle seg over. Vi vert motivert av å realisere andre sine draumar og visjonar. Ingenting gler meir enn ein smilande personen på andre sida av bordet som får løyst ei oppgåve hen tenkte var umogleg å løysa. Ikkje minst er det kjekt å vere ein del av eit lokalsamfunn og eit lokalt næringsliv.  Takk til dykk alle.

 

I dag tel vi 9 arkitektar, og vi utgjer det største arkitektmiljøet i Sogn og Fjordane. Det er vi veldig stolt over. I lag med våre gode naboar Norconsult Sogndal er vi det største byggfaglege miljøet i tidlegare Sogn og Fjordane. Likevel, i nasjonal samanheng, er vi veldig små. Og vi er sårbare. Vi er 40 år. Vi jobbar knallhardt heile tida med å gjere ein fagleg god jobb og ikkje minst med å følgje opp kommunane sine samfunnsmål, men det er ikkje ein garanti for at vi blir 50. Med store strukturendringar i bransjen, går vi spennande tider i møte. På same tid ser vi at små kontor som oss har relativt god lønsemd, og langt betre lønsemd enn dei store kontora, kanskje fordi vi har mange bein å stå på. Det er vi og veldig stolt over. Lerum Brygge har vore ein stor salgsuksess for eigarane. Det er eit veldig godt døme på at arkitektur skaper verdi. Dette veit våre oppdragsgjevarar. Vi held no på med prosjekta som skal bli neste Lerum Brygge. Med oss på laget så veit kunden at dei får kvalitet, og til den prisen som er avtala.

Men framføre alt. Vi er ein fin gjeng med samfunnsengasjerte arkitektar, og vi har engasjert oss til dømes i forhold til Fjordstien og å ta vare på dei grøntområda i bygda, og vi strekker oss langt for dette. Vi meiner det er grunnlag for å hevde at utan dei samfunnsengasjementet til arkitektane i Sogndal, så hadde ikkje Trudvang skule halde fram med å vere der han er. Berre så det er sagt; arkitektane samarbeida tett med andre fagfolk og med lærarane. Det var utruleg moro at vi vann fram og at politikarane høyrde på oss. Takk til ordførar Stig Ove Ølmheim og resten av kommunestyret! Vi har stor tru på lokalkunnskap og vi heiar no på dei lokale arkitektane som er med i konkurransen og vi håper at dei vinn. Utan lokale arkitektar, mister samfunnet dei som har størst kunnskap om korleis forme våre fysiske omgjevnader slik at folk får ein praktisk kvardag og at dei trivast. 

Vi er veldig stolt over at vi er eit kontor med god aldersspreiing.  Heile 50 år skil yngstemann Eline og eldstemann Guri. Vi lev av å selge kunnskapen vår. Eg gir no ordet over til Guri Fonsdal som starta det heile her i Sogndal, men som og var med å starte kontoret i Oslo. Og kanskje får vi no forklaringa på at kontoret heiter Arkitektkontoret 4B.

Me ynskjer også å seie tusen takk for alle gåver, helsingar og gode ord i samband med jubileet og takk til alle som hadde tid til å markere dagen saman med oss, det set me veldig stor pris på. Stuntet med gratis speed-arkitektbistand var verkeleg moro – og kjekt at så mange ville delta.

Dagen vart avslutta i vakre Solvorn og Kvitabui, med det lekraste fjorden har å by på av sjømat.

No nærmar det seg ferietid på kontoret og me vil med dette ynskje alle ein riktig god sommar!

Korleis og kvifor 4B?

Guri fortel historia bak 4B:

Året er ca 1970 i Oslo

5 gutter, frilancere, hadde tegna og skulle levere inn forslaget sitt til Konkurranse om Hennie Onstad alderssenter. Men hvem er innsender - hvem er vi?

Da kom en med forslaget – vi sitter i Vestheimgata 4B. Hva med Arkitektkontoret 4B? Konkurransen vant de og navnet fulgte med.

Jeg ble invitert til 17. mai-fest hos disse gutta et par år etterpå. Jeg satt med en reguleringsjobb på Kongsvinger – også etter en konkurranse. Hos gutta var det et ledig bord. Dit kunne jeg tenke meg å flytte. Og fikk jeg.

Vi var fortsatt frilancere, men i 1976 var det dårlige tider for arkitekter og vi fant det tryggest å etablere AS. AS Arkitektkontoret 4B.

Hit til Sogndal kom jeg i romjula 1980 og etablerte avdelingskontor for 4B. Litt stusselig i starten med kontor på toppen av Fossbygget og med pulverkaffe. Det ordna seg etter hvert med 2 nye medarbeidere. Solveig Løken, Valborg Leivestad og jeg opprettet eget AS - Arkitektkontoret 4B 1.juli 1984.

Foholdet til 4B i Oslo har hele tiden vært nært. Det kom til god nytta da vi sammen med A38 fikk jobben med Kulturhuset. I Oslo hadde de tegna Ibsenhuset i Skien, Det norske teater og lokaler for Riksteateret.

Slik oppsto Arkitektkontoret 4B og slik kom 4B til Sogndal.

Fasadane på Sognatun

Er du nysgjerrig på korleis fasadane på Sognatun har blitt slik dei er? Her kan du sjå og lesa om kvifor bygninga ser ut som han gjer og korleis me jobbar med å finna eit fasadeuttrykk som hentar inspirasjon frå og passar inn i Sogndalsfjøra.

Hagebytunet i Sogn Avis!

Endeleg kan me presentere prosjektet Hagebytunet, sentralt i Sogndal!

Me ønsker å syne eit godt døme på korleis bygge tett i sentrum av ei vestlandsbygd med bratt terreng, og korleis ta vare på dei grøne verdiane og legge til rette for at folk kan trivast i lag og dyrke noko av maten sin sjølv! Dette er eit klyngetuninspirert bustadkonsept med stor hage og mindre bustader eit steinkast unna den travle bygdebyen Sogndal. Dei små husa blir tilpassa terrenget, med moderne og luftige løysingar. Prosjektet er fortsatt på skissestadiet og me er i god dialog med Sogndal kommune om å få til eit spanande og annleis bustadprosjekt.

Les meir i Sogn Avis: https://www.sognavis.no/slik-vil-arkitektane-byggja-hageby-i-sogndal-me-vil-ha-mindre-hus-og-meir-tomt/s/5-115-598026

Lerum Brygge salgsstart!

Arkitektkontoret 4B har nådd ein milepæl i arbeidet med Lerum Brygge. Vel halvanna år har me brukt på å revidere reguleringsplanen, omarbeide prosjektet og gjere det til Sogndal sitt, og gje ein meirverdi til alle i bygda gjennom gode, offentlege byrom langsmed fjorden. Me er uendeleg stolt over kva kontoret og medarbeidarane våre har fått til, i lag med Lerum Brygge AS. No står det att å bygge prosjektet, og me håper at dette kan bli ein fin plass å bu og ein fin stoppestad for alle dei som går langs fjordstien

lerum2.jpg
lerum.jpg
IMG_6575.jpg
IMG_6574.jpg

Studietur til Hotell Union Øye

Me har vore på tur til nydelege Sunnmøre og besøkt hotell Union Øye i Urke.

“Hotel Union Øye har i generasjoner vært et attraktivt reisemål for kongelige, forfattere og elskere. Helt siden åpningen i 1891 har hotellet vært et sted hvor gjester kommer for å nyte stillheten, roen og det gode liv i storslagne omgivelser. Hotellet sine 30 rom er alle individuelt dekorert og møblert med nøye utvalgte antikviteter. Rommene er også oppkalt etter kjente personer som har bodd på hotellet gjennom tidene; Keiser Wilhelm II, Kong Oscar II, Dronning Maud og Kong Haakon, samt forfatterne Karen Blixen, Knut Hamsun, Sir Arthur Conan Doyle og ikke minst komponisten Edvard Grieg. Hver dag får besøkende mulighet til å se inn på hotellets ledige rom. Spaser en tur i gangene og drøm deg bort i det herskapelige fjordslottet.”

Me fekk også ein tur til toppen av Saksa, der utsikten over sunnmørsalpane var heilt fantastisk!

A9B41527-6948-43F8-941D-D24C4CDF3945.jpeg
54DFB06B-037D-4AFB-9FD2-17B837C58CD9.jpeg